Søk om bodplass

Gå til søknadside her!

En gang Maj Hoff ryddet på kontoret sitt, fant hun dette dokumentet. Det var en gammel stensil av et ark som er datert mars 1948. Og skrevet av en lærer i kommunen på den tiden som het Kyrre Finn. Dokumentet viser et av de første skrevne initiativ til et kystkulturelt museum i Gratangen, og er altså ikke uten betydning for flere av dagens arbeidsplasser i "kyst-kultur-kommunen" Gratangen.



Jeg har prøvd å gjengi skrivet så tro mot originalen som jeg kan.



RUNDSKRIV TIL UNGDOMSLAGA OG FISKARLAGA I GRATANGEN.

 


F i s k a r - t u n i G r a t a n g e n .
Ja , kafor ikkje?
Ein narvikmann skriv: "Når det er tale om fiskere, er vel gratangsværingene noe av de flotteste og dyktigste typer vi har i hele vårt land, så intet skulle være mer naturlig enn om en tok opp arbeidet for et fiskeri -museum for Troms .... akkurat i Gratangen."
No torer ein ikkje ta så hardt i som å tale om fiskeri -museum. Det kunne lett føre til at andre såg monn i å ha dette museet, og så hadde ein striden om staden gåande frå først av, og løysninga av spørsmålet kom i andre rekke. Nei, TUN høyrest så lite og tilforlateleg ut, det kunne dei unne oss. - Men, ver merksam på det, ungdom, at tun kan og femne vidt, fullt utbygd vidare enn museum. - Men lat oss no ha det for oss sjøl - enno! -
Det høver så vel at ein framsynt mann alt har lagt grunnen til eit slikt tun. Herr ELLIVSEN THRANING har fleire nordlandsbåtar, ja, sogar ein fembøring, noko gamalt børnskap og skute-journalar frå seglbåt-tida. Herr Thraning vil ikkje sleppe desse tinga or bygda. Han er ein gamal mann, og det ville være ille om desse verdfulle minne frå fedrane sitt slit skulle kome på rek, ja, kanskje bort. Fekk ein opp eit storbåt-naust - i gamal stil, med skjelter-vegger og torvtak -, kunne ein starte fiskartunet på dagen.
Trafikken på Riksvegen går jo forbi her. Og blir Turiststasjonen bygd etter den planen herr arkitekt Platou har skissert, "blir det like mange gjestesenger som i mangen en mindre norsk by".
Fekk eit tiltaksamt arbeids-utval stelle med saka, skulle ein kunne rekne med at ein gjennom fiskerlaga fekk Fiskarfylkingen og kanskje Råfisklaget interessert. Dei frilynde ungdomslaga måtte få Noregs Ungdomslag til å stø saka. - No var N.U. heilt snaua av quislingane; men det er heller ikkje så mykje pengar ein treng for å kome i gang, det er heller godvilje og forståing, og N.U. er i dag ein høyrd samskipnad.
Men det første vilkåret er sjølsagt at bygda står samla om saka!
Derfor vender ein seg til ungdomslaga og fiskarlaga for å nå alle lag av folket; for dette er ikkje ei sak som berre gjeld fiskarane. Det er ei bygdesak! Føremålet med dette er då å samle bygdefolket, ungdomen og framtida, om saka og få eit utval i arbeid.
Ein torer be kvart ungdomslag og kvart fiskarlag sende to mann til eit sam-møte på Strømsnes skole søndag den 18. april kl. 15 til val av eit arbeids-utval og revisorar. Program for møtet ligg ved. Ul. "Vårglimt", Sandnes, vil vonleg syte for at sendemennene får noko å bite i. Ellivsen Thraning blir innbeden til møtet, likeeins formannsskapet og formannen i skolestyret med varamenn.
(Der eg ikkje er viss på at det er ungdomslag og fiskarlag, sender eg dette til læraren og ber han vere så gild å legge det i dei rette hender.)
V E L M Ø T T !

 

Laberg i mars 1948

 

Vørsam helsing
Kyrre Finn

 

UtskriftE-post